Knarvikmila

2. til 5. september 2010


Skriv ut Publiser på Facebook Skriftstørrelse 11 Skriftstørrelse 14 Skriftstørrelse 18 Tekststørrelse
10km søndag 5. september - KVALITETSLØP
Dette er den klassiske distansen i Knarvikmila. Det er i år 28. gangen ein arrangere 10km i Knarvikmila.
 
Det er det ein lettløpt og ikkje minst bilfri trase ,med start og mål på Knarvik stadion.
Det er kontrollmålt løype.
 
Du må vere født i 1998 eller tidlegare for å delta. Start kl 1300.
 
Det er klasseinndeling med premie til kvar klassevinnar. Det er 5-års klassar for veteranar, dvs. frå 35 år og eldre.
 
For ungdom/junior er det følgande klassar: 12-14 år , 15-16 år og 17-18 år. Senior er 19-34 år.
  
Deltek du på 10km og Fjord Norway Half Maraton på lørdag 4. september får du ein spesiallaga premie med inskripsjon Fjord Dronning eller Fjord Konge.
 
Det er pengepremiar til dei 3 beste kvinner og 3 beste menn.

Det vert delt ut eit eige merke ”God form” til dei som deltek på 10km. For å få merket må ein oppnå ei tid fastsett i tabell i bladet “Kondis”. Her finn ein tabellen.

NB! Ein kan ikkje melde seg på 10km via familiepåmelding.