KnarvikmilaXtrem 20. mai 2010 NY DATO
Ein har valgt å ta ut KnarvikmilaXtrem frå programmet for Knarvikmila 2010. I stadan vil ein arrangere KnarvikmilaXtrem som eit eige arrangement torsdag 20. mai med start kl 1900. Løypa vert stort sett den same som ein har brukt tidlegare.
KnarvikmilaXtrem passar for deg som vi ha ei ekstra utfordring. KnarvikMilaXtrem er eit skogsløp på nesten 9.6 km som går i svært kupert terreng. Traseen går på grus, skogs-sti, berg/stein og myrlendt terreng . Det er ei forholdsvis hard løype.I løypa er det fleire tøffe stigninga , samla stigning ca 400m.
Odd-Bjørn Hjelmeset uttalar om KnarvikMilaXtrem ”Beste terrengtrase eg har sprunge på lang tid”.
Start og mål på Knarvik Stadion. Start kl 1900.
Det er premiering til dei 3 beste kvinner og 3 beste menn.
Det er også premiering til klassevinnarar.
Ein må vere født i 1995 eller tidlegare for å kunne delta.
Påmelding kr 200 ved start. Ein startar med påmelding ca 2 timer før løpet.
Ein kan vinne flotte premiar trekt på startnr. Det vert bl.a gåvekort frå MX-sport.
Dette innholdet er skrevet ut fra Knarvikmila.no