Bergen Fjord Tour lørdag 1. september,
|
Bergen Fjord Tour er ein turmarsj på ca. 26 km som går frå Bryggen i Bergen til Knarvik Stadion. Store delar av marsjen føl den gamle postvegen, og vidare i gangfelt over Nordhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundsbrua til Knarvik Stadion.
Etter marsjen går det gratis buss for deltakarane tilbake til Åsane/Bergen.
Dersom ein ikkje vil gå heile marsjen frå Bergen til Knarvik, kan ein starta frå Kyrkjekrinsen skule i Åsane.
Det er ikkje tidtaking eller aldersgrense på marsjen.
Start frå Thon Hotell Bergen på Bryggen i Bergen kl. 10.00, og frå Kyrkjekrinsen skule kl.11.30.
Utdeling av startnummer og etterpåmelding:
Bergen på Thon Hotell Bergen Brygge
* lørdag 1. september kl. 08.30 – 10.00.
Åsane ved Kyrkjekrinsen skule
* lørdag 1. september kl. 10.30 – 11.30.
|
|
|
|
|
|
På turen er det to drikke/matstasjonar.
Bergen Fjord Tour inngår som ein del av KnarvikMila, slik at ein som deltakar er med på alle trekningane på startnummer, inkl. førstepremien; ein splitter ny Citroen bil.
Deltakarpremie til alle: Multilue, medalje og deltakardiplom.
Påmelding innan 30. augusat.
|
