Knarvikmila



Skriv ut Publiser på Facebook Skriftstørrelse 11 Skriftstørrelse 14 Skriftstørrelse 18 Tekststørrelse
Av ulike grunnar har det tatt litt tid å få klart løypa for MX-sport Fjord Norway Half Marathon. Nå er det meste på plass. Traseen er noko endre frå 2009. Dette bl.a etter pålegg frå veg-vesen og politi/lensmann.
 
Start er ca 200m nord for Knarvik Stadion. Ein føl rød trase mot Gjervik, tar inn på E-39 mot Hagelsundbru. Etter ca 100m på Flatøy tar ein inn på gangveg. Ein føl gangveg over Flatøy og mot Krossnessundbru. Over brua tar ein til venstre mot Frekhaug. Etter ca 200m forbi Frekhaug Senter tar ein til Høyre over gangbru og føl denne vegen i ca 300m der ein tar til høyre og så etter 100m tar ein til venstre på veg mot Sagstad Skule. Ein tar så til høyre mot Meland Aktiv/Fossemyre. Ein føl denne vegen til ein kjem tilbake til Krossnessundbru. Ein tar inn på brua og føl gangvegen over til Flatøy, blå trase. Rett etter at ein kjem inn på Flatøy tar ein til høyre og inn på Nordhordlandsbrua. Ein snur etter ca 800m på brua og returnerer til Flatøy der ein føl grøn trase. Ein føl gangvegen over Flatøy mot Hagelsundbru. Når ein kjem til Knarvik føl ein gangveg forbi Knarvik Senter mot Gjervik. Ein tar inn på veg mot Knarvik Stadion og føl grøn trase inn i aktivitetsløypa. Etter ein runde på ca 1600m kjem ein tilbake til Knarvik Stadion. Ein kjem så inn på oransje trase som går forbi Nordhordlandshallen og ut i E-39. Ein tar til venstre og etter ca 200m tar ein til venstre ein gang til og tilbake til Knarvik Stadion. Her tar ein så inn på sjølve løpebana og til mål.