Knarvikmila

27. august - 2. september 2012



Skriv ut Publiser på Facebook Skriftstørrelse 11 Skriftstørrelse 14 Skriftstørrelse 18 Tekststørrelse
Familiedag med stort barneløp
Laurdag 1. september - Nordhordlandshallen - Knarvik Stadion 

Kl. 10:00 - 16:00: Sals- og informasjonsmesse i Nordhordlandshallen
Kl. 10:00 - 12:00: Gratis “frukost til tusen”. Alle velkomne Stad: Nordhordlandshallen.
Kl. 10:00: Turmarsj Bergen – Knarvik. Den gamle Trondhjemske postvegen. Start: Thon Hotel Bergen Brygge.
For dei som ikkje vil gå heile turen, er det start kl. 10:30 frå Kyrkjekrinsen skule i Åsane.
Kl. 12.30: Knøttemila for dei som ikkje har byrja på skule 
Kl. 13.30: Minimila for 1. – 7-kl. Startarar: Ottar Skår
Kl. 15:00: MX-Sport Fjord Norway Half Marathon. Start og mål: Knarvik Stadion
 
Berre hovudpremiane vert trekt frå scena.
Speaker: Kjetil Iden
 
Knøttemila er eit tilbod for dei som ikkje er byrja på skulen. Knøttemila går inne på Knarvik Stadion. I løypa blir det lagt inn små spanande og artige hinder.
Barnas Turlag Nordhordland står for gjennomføringa. Løypa er ca. 300m. Premiar trekt på startnummer. I 2011 vard det ca 310 born som deltok.
Minimila er eit løp utan tidtaking og med klassevis start. I 2011 deltok ca. 650 born.
Jenter og gutar i 1. til og med 7. klasse kan delta.
Start / Mål: Knarvik Stadion
Løype: 1,8 km

Påmelding/utdeling av startnummer:
Nordhordlandshallen:
Laurdag 1.sept: kl. 10:00 – 13.00
 
I år går heile startkontingenten til Minimila/Knøttemila til eit hjelpeprosjekt for born og unge i Etiopia. Alle som deltek får ei T-skjorte, der det står:” I run for a frend in Ethiopia”.
Prosjektet var eit samarbeid med Knarvik ungdomsskule og organisasjonen The Great Ethiopian Run som løpskongen Haile Gebrselassie står bak. Samarbeidet og innsamlinga skal halda fram i 2012.
Startpengane på Minmila/Knøttemila går uavkorta til dette prosjektet.
Startpengar: kr. 100,- 
I tillegg til T – skjorte får alle deltakarane ein is frå Diplomis.
Hovudpremien på Minimila er eit gåvekort  frå MX-sport, som vert trekt på startnummer. PÅ Knøttemila er det 2 gåvekort á kr 2000. 
I tillegg er det som vanleg mange andre flotte premiar trekt på startnr.
 
1330: Opning av Minimila
1332: start 7. klasse
1335: start 6. klasse
1338: start 5. klasse
1331: start 4. klasse
1334: start 3. klasse
1337: start 2. klasse
1340: start 1. klasse

Minimila 2008 startar klassevis

Knarvik Senter
Kl. 15.30 – pølsefest i Knarvik Senter. Gratis Hot – Dog til alle som har delteke på MiniMila/Knøttemila.