Naturløyper søndag 2. september
|
Det er ikkje tidtaking og nedre aldersgrense i Naturløypene. Det er fleire ulike trasear å velje i mellom ,frå 2km – 7,5km.
Start og mål på Knarvik Stadion.
Start kl 1100-1230.
Løypene går i fint turterreng på grusveg og sti.
Den kortaste løypa går berre på grusveg og passer best til dei som ikkje følere seg vel i terrenget. Vel ein ei av dei to lengste alternativ kan ein delta på ulike aktivitetar i løypa bl.a. vil det vere grilling av pølser og natursti. Som vanleg vil det også i år vere sports-gudsteneste ved ”Gamleskulen”.
Det er også mulig med Familiepåmelding. Familie vert rekna som maks 2 vaksne og born født i 1997 eller seinare. |
 |