Knarvikmila

27. august - 2. september 2012



Skriv ut Publiser på Facebook Skriftstørrelse 11 Skriftstørrelse 14 Skriftstørrelse 18 Tekststørrelse

Stilling ledig

KnarvikMila har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, og det årlege arrangementet er blitt ei omfattande aktivitetsveke som bidrar til stort engasjement i Knarvikområdet og i heile Nordhordland. KnarvikMila har planar om vidare utvikling og målet er å løfte arrangementet vidare ut på ein internasjonal arena. I tillegg vil KnarvikMila også vere med på å utvikle aktivitetane og det lokale folkehelsearbeidet i regionen. For å vidareutvikle KnarvikMila og styrke det lokale folkehelsearbeidet, har KnarvikMila og Lindås kommune gått saman om å søkje etter ein:
 
Aktivitets- og helsekoordinator.
 
Ei attraktiv stilling innan idrett, aktivitet, folkehelse og samfunnsutvikling.
Søknadsfrist: 20. januar.
 
Sentrale arbeidsoppgåver:
  • Bidra til å vidareutvikle KnarvikMila som eit nasjonalt og internasjonalt idrettsarrangement.
  • Vidareutvikle og koordinere aktivitetar og arrangement for Knarvikmila i eit heilårleg perspektiv (KnarvikMila 365)
  • Bidra til å styrke og utvikle Lindås kommune sitt førebyggande folkehelsearbeid med fokus på fysisk aktivitet og mosjon. Dette betyr tett dialog og samarbeid med kommunen.
  • Følgje opp og vidareutvikle samarbeidsprosjektet LivOGLyst KnarvikMila.
Krav til kompetanse og erfaring:
  • Det er ein fordel med formell utdanning og relevant erfaring innan idrett, aktivitet og helse. Helst utdanning på høgskulenivå.
  • Kjennskap til offentleg forvaltning er ein fordel.
  • Erfaring frå prosjekt- og organisasjonsarbeid
  • God erfaring med grunnleggande og sentrale IT-verktøy
 
Personlege eigenskapar og engasjement er viktig i ei slik stilling. Vi er på jakt etter ein engasjert person som verkeleg brenn for å få folk i meir aktivitet.
 
Eigenskapar:
  • Utadvent og er god til å kommunisera, både munnleg og skriftleg
  • Engasjert og kreativ, ikkje redd for å ”ta i eit tak”.
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God gjennomføringsevne
  • Likar å jobbe med mange ulike prosessar på same tid.
Søknadsfrist: 20. januar
100% fast stilling.
Snarleg tilsetting.
Løn og pensjonsvilkår etter avtale.
Arbeidsgjevar er Knarvikmila.
Arbeidsstad: Knarvik.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar.
 
Nærare opplysningar om stillinga:
v/Helge Brekke, tlf. 97145628
e-post:helge@knarvikmila.no
Søknad og CV skal sendast til:
Post: KnarvikMila,Box 177 5903 Isdalstø.
« 1 | 2 | 3 | 4 »