Det vert treningseminar med Haile Gebrselassie lørdag 3. september kl 17:30. Med på seminaret vert også Dr. Yannis Pitsiladis og Richard Nerukar. Ein kan melde seg på seminaret samtidig som ein melder seg på eit av løpa eller ein kan gå inn her. Seminaret vil foregå på engelsk. Det er plass til 300 personer på seminaret.
|
|
Haile Gebrselassie:
- Har set 27 verdensrekordar
- 2 gull medaljar frå OL
- 4 gull medaljar frå VM
- Har rekorden på marathon på 2.03.59. |
 |
Dr. Yannis Pitsiladis:
Er professor ved Universitetet i Glasgow.
Han har studert korleis løparar frå Øst Afrika og Jamaica har oppnådd suksess. Han er også medlem av WADA. |
 |
Richard Nerukar:
Han har jobba tett opp til Haile i fleire år
og veit mykje om korleis Haile trenar og tenkjer. |
Program
17.30 Storskjerm med glimt frå nokre av Haile Gebrselassie sine store løp.
17.45 “Slik trenar eg”. Intervju med Haile Gebrselassie, ved Richard Nerukar.
18.45 Yannis Pitsiladis “Den første maratonløpar under to timar. Vert det ein ein kenyanar, eller ein etiopar? Kor, når, og korleis”
Med start på Fjord Norway Half Marathon kl 1500, burde det vere mogleg for dei fleste å rekke seminaret. Seminaret vil være på Knarvik Ungdomsskule rett ved sidan av Knarvik Stadion.