Knarvikmila

2. til 5. september 2010


Skriv ut Publiser på Facebook Skriftstørrelse 11 Skriftstørrelse 14 Skriftstørrelse 18 Tekststørrelse
Ungdomsløpet torsdag 2. september
 
Som ein del av Knarvikmila vil vi , slik som dei fem siste åra , arrangere eit ungdomsløp for 8. - 10. klasse. Dette vert i år arrangert torsdag 3. september på Knarvik Stadion. Det vert klassevis start i ei ca 2 km løype på grus. Gutar og jenter startar kvar for seg. Dei siste år har over 1500 ungdommar frå heile nordhordland og Bergen deltatt.
Det vert premiering av dei 3 beste gutar og 3 beste jenter i kvar klasse. Kvar deltakar vil også få ein deltakar-premia. Det er GRATIS å delta på dette løpet.
Start på første pulje er kl 1100 med start kvart kvarter. 
 
Det vert eit eige trafikk opplæring-program for 10. klasse. Dette er samarbeid mellom Trygg Trafikk , Statens Vegvesen og politiet. Ein heldig 10. klassing vil kunne vinne eit gåvekort på kr 15.000 som kan brukast på ein fritt valt trafikk-skule til trafikk-opplæring/sertifikat.
 
For 8. og 9. klassane vert det laga til eit opplegg der ein ligg vekt på gjennvinning av avfall.  Ein vil setja fokus på korleis vi kan nytta bosset til å laga nye produkt ( = gjenvinning).
 
Det vert sendt ut invitasjon i starten av juni til alle ungdomsskular i Nordhordland og Bergen