10 km - lørdag 1. september

Klar ein klassikar! Distansen blir arrangert for 36. gong i 2018

10km.jpg

Det er ei lett, kontrollmålt og bilfri løype – med start og mål på Knarvik Stadion.

Dato: lørdag 1. september

Start: 15:00

Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn.

Distansen er klasseinndelt med premie til kvar klassevinnar.

Ungdom/junior: 12-13, 14-15, 16–17, 18–19, 20–22 år.
Senior: 23–34 år.
Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.

FJORDVIKING

Knarvikmila 10km inngår i FjordViking. Deltek du på lang løype KnarvikXtrem(31/8) , 10km(1/9), og halvmarathon(2/9) er du Fjordviking og får ein eigen premie.

 

Løypekart

10-km-l-ypekart-august-2016.jpg
 

10km har start og mål på Knarvik Stadion. Løypa går på vegar i Knarvik med ein tur inn i Brekkeløypa. I Brekkeløypa er det grus. Resten av Løypa er på asfalt. Det er 2 drikkestasjonar på løypa , etter ca. 4km og ca. 7,5km. I mål inne på Knarvik stadion er det vatten, Olden, bananer og produkt frå YT.  Løypa er godt merka og det er ca 30 løypevakter i løypa. Røde Kors vil også vere på plass på Knarvik Stadion og i løypa. Løypa vil vere bilfri.