5 km - lørdag 31. august

Er du klar for halvmila? Løp for å leve i samarbeid med Kreftforeningen.

Vi støtter Kreftforeningen 2018.jpg
 Erlend Sørheim - Foto: Kjell Vigestad / Kondis

Erlend Sørheim - Foto: Kjell Vigestad / Kondis

Er du lite trent og har lyst til å utfordra deg sjølv til å springe ein overkommeleg distanse? Er du godt trent og har lyst til å setja ny pers?
5 kilometeren er eit lett løp som går i ein bilfri trasé.
KnarvikMila har inngått samarbeid med Kreftforeningen. Kr. 100,- av påmeldingsgebyret
på 5km går uavkorta til Kreftforeningen. Om du skal være med på andre distansar i
KnarvikMila er det mogleg å gje ein donasjon til Kreftforeningen ved påmelding.

Dato: lørdag 31. august

Start: 14:00

Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn.

Distansen er klasseinndelt med premie til kvar klassevinnar.

Ungdom/junior: 10-11, 12-13, 14-15, 16–17, 18–19, 20–22 år.
Senior: 23–34 år.
Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.


BEREDSKAP
Røde Kors er tilgjengeleg i løypa og på stadion. I tillegg har vi eigen stevnelege. Ambulerande vaktmannskap i løypene, samt beredskapssenter på stadion

KJØP OG SAL AV STARTNUMMER
Ta kontakt på info@knarvikmila.no

DRIKKESTASJONAR
Det er 1 drikkestasjon i løypa. 
LØYPEMERKING
løyper er godt merka med piler i vegen og med skilt kvar kilometer. Det er godt vakthald i løyper, med godt synlege vaktar i kryss.
MÅLSONAR
Det vert utdelt deltakarmedaljar etter målgang. Deretter finn ein drikke frå Olden, restitusjonsdrikk frå YT og bananar frå Kiwi.
MILJØ
KnarvikMila tar ansvar for miljøet og vi håpar De vil hjelpe oss med dette. Vi har tilrettelagt miljøstasjonar for avfall. Kjeldesortering og miljøvaktar er tilstades etter målsonene, ved NH hallen og ymse andre stader.

 Knarvikmila 5km har nedre aldersgrense 10 år. Celina Dale(1419) , Malene Landreo og Astrid Sjursen(1209) på 5km i 2017

Knarvikmila 5km har nedre aldersgrense 10 år. Celina Dale(1419) , Malene Landreo og Astrid Sjursen(1209) på 5km i 2017

 Eli Anne Dvergsdal - vinnar av 5 km i 2017 - Foto: Kjell Vigestad / Kondis

Eli Anne Dvergsdal - vinnar av 5 km i 2017 - Foto: Kjell Vigestad / Kondis


Løypekart

5km-med-pil.jpg

5km har start og mål på Knarvik Stadion. Løypa går på vegar i Knarvik rundt Knarvik Stadion og Nordhordlandshallen. Løypa går på asfalt. Det er 1 drikkestasjonar på løypa , etter ca. 3km. I mål inne på Knarvik stadion er det vatten, Olden, bananer og produkt frå YT.  Løypa er godt merka og det er ca 20 løypevakter i løypa. Røde Kors vil også vere på plass på Knarvik Stadion og i løypa. Løypa vil vere bilfri. 5km er lettløpt og forholdsvis flat.