Deltakar informasjon til Bergen Fjordtur 2018.

 

Transportinformasjon

Det er satt opp gratis buss frå Knarvik Skysstasjon til Bergen, Nedre stasjon Fløyen kl. 0830 og til Ikea kl. 1030.

Det er også gratis buss frå Knarvik til Bergen/Åsane etter løpet.

Retur kl : 1500,1600 og 1630

Henting av startnummer

Utdeling av startnr. på ved Nedre stasjon Fløyen frå kl 0830. Her vil ein også få utdelt billett til bana opp til Fløyen. På Ikea utdeling av startnr. ca kl 1045.

Informasjon om turen

Beskrivelse av løypa finn ein her.

GPX-fil som kan lastast ned til Strava, Endomundo osv. finn ein her.

Start Fløyen kl 0930 - 1000 for dei som skal gå.

For løpsklassen er det felles start kl 1000.

Start Ikea kl 1130. (NB! ingen start før dette).

Målgang i Knarvik Senter.

RaceOne

Alle deltakarar BØR laste ned appen RaceONE på mobilen og registrere seg der! Legg til Bergen FjordTur, kort eller lang løype, og du er klar!

Dette gjer tracking av deltaker mulig, og er i tillegg ein sikkerhet for alle.

Usikker på om du er på rett veg? Sjekk kartet i RaceONE!

Sånn gjør du:

1.Last ned - RaceOne finns for Iphone og Android. Les mer på raceone.com

2.Registrer deg - Start appen, gå inn på ditt løp og registrer deg.

3.Del - Fortell familie og venner om RaceONE så de kan følge deg LIVE

4.Start - Aktiver løpet i RaceONE før start. Ta med mobilen når du løper/går. Tracking startar automatisk når du passerer startlinja. Skulle du ikkje få dette til, så står det blide funksjonærar klare i startområdet frå klokka 08.30 for å hjelpe deg!

Drikke- og matstasjonar

Vi har følgjande drikkestasjonar:

Munkeboten – Olden flaskevatn + banan

Rolland skule – Saft /vann stasjon

Ikea (baksiden ved tursti) – Olden flaskevatn + matpakke(wraps)

Grinde-Veten - Saft /vann stasjon

Tellevikbanen – Saft /vann stasjon

Flatøy - Saft /vann stasjon

Rødekors vil også vere stasjonert langs løypa. Dei vil også ha litt drikke tilgjengelig.

Vakthald

Det er utplassert vaktar i løypa, men vi gjer merksemd på at ikkje alle kryss er bemanna med vaktar, slik at ein skal vera varsam i trafikkbiletet og ta hensyn til trafikken og kryss vegen på fotgjengerovergang. Studer løypekart på førehand og last ned Race One-appen som viser løypekartet.

TurQuiz

Om du ønskjer å delta i TurQuiz’en så kan du henta svarskjema på matstasjonen på Ikea. Det er sett ut 5 spørjepostar i løypa mellom Ikea og Knarvik. Svararket leverast i postkasse i målområdet. Trekning av premiar for TurQuiz’en vert føretatt nokre dagar etter arrangementet og vinnarane vert kontakta pr e-post

Garderobar- Toalett

 Det er toalett på Fløyen og Ikea. Det er ikkje garderobar i målområdet, men det er tilgang til toilett.

Verdisaker

Du kan levera verdisaker/tøy i startområdet på Fløyen og Ikea. Verdisakene vert plassert i eigne posar og merka med startnummer. Vi har eige stand i Knarvik Senter for utlevering av verdisakene.

Premiering

I Bergen FjordTur er det 3 ulike klassar:

·         Turmarsj lang løype (Fløyen-Knarvik)

·         Løpsklasse lang løype (Fløyen-Knarvik)

·         Turmarsj kort løype (Ikea-Knarvik)

Det vert premiar til dei 3 beste kvinner og menn i løpsklassen (ein klasse pr kjønn – ingen aldersklassar)

Det vert trekt ut premiar på startnr. Desse vert delt ut i Knarvik senter etter målgang.

 

I Knarvik Senter vert det også utdeling av medaljar. Det vert servert GRATIS suppe, saft, kaffi osv. til alle deltakarar.

Ein er også med i trekninga av hovudpremiane på sjølve Knarvikmila i september

I år trekkjer vi bl.a.ut på startnr. ein Ford Fieste , ST-LINE verdi kr. 270.000

 

 Ford Fiesta trekt på startnr.

Ford Fiesta trekt på startnr.