Om KnarvikMila

Kort eller langt? - Bratt eller slakt! Springe eller gå?

KnarvikMila er meir enn eit løp og meir enn ein distanse.

KnarvikMila er òg meir enn eit idrettsarrangement. Dette er ei veke spekka med både kultur- og idrettsarrangement. I 2019 blir KnarvikMila arrangert for 37. gong. Då fører alle vegar og spretne føter til Knarvik. 

KnarvikMila blei starta i 1982 av ildsjel og primus motor Helge Brekke og blir arrangert av friidrettsklubben FIL-AKS77. Sidan 1982 har tusenvis av føter sprunge langs vegar og på bane i Knarvik ei veke kvar haust. I 2018 var 500 frivillige i sving for å gjere arrangementet minneverdig for dei nesten 8000 påmelde. Utan frivillige langt utanfor medlemmane i idrettslaget, hadde det ikkje vore mogeleg å arrangere KnarvikMila slik den er i dag – ei veke til endes.

Det er totalt 12 ulike samarbeidspartnarar som er med på å arrangere KnarvikMila: Lindås kommune, Musikkens Venner, Knarvik Senter, Lyngheisenteret, Knarvik Skulekorps, Knarvik IL, Hordaland Idrettskrets , Norhordland Ballklubb, Dørstokkmila, Norhordland turlag, Knarvik ungdomsskule , Norhordland Røde Kors og Skodvin Skulekorps.

Vi må også rette ein stor takk til sponsorar og næringslivet som støttar KnarvikMila år etter år.

 Dagleg leiar : Eddie Ebbesvik Mobil 920 85 025 E-post: eddie@knarvikmila.no

Dagleg leiar : Eddie Ebbesvik
Mobil 920 85 025
E-post: eddie@knarvikmila.no

 Styreleiar :Bjørn løvik Mobil : 917 77 335 E-post : blo@bkkfiber.no

Styreleiar :Bjørn løvik
Mobil : 917 77 335
E-post : blo@bkkfiber.no

 FIL-AKS77 er arrangør av Knarvikmila - Første gong arrangert i 1982

FIL-AKS77 er arrangør av Knarvikmila - Første gong arrangert i 1982