HalvMaraton - lørdag 7. september - start kl 1100!

Årets utfordring! Er du med?

Fin fart i flotte løyper- Foto: Kjell Vigestad / Kondis

KnarvikMila HalvMaraton vert arrangert for 16. gong i 2024. Traseen er bilfri og du kan glede deg til å ha flott natur i augesynet undervegs. Aldersgrense 15 år.

Dato: lørdag 7. september - NB! Start: 11:00

Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn uansett klasse.

NB! Det vert delt ut premie til alle klassevinnarar. Det er desse klassane:

Ungdom/junior: 15–17, 18–19, 20–22 år.
Senior: 23–34 år.
Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.

FJORDVIKING

Knarvikmila halvmarathon inngår i FjordViking. Deltek du på 5km, 10km, og halvmarathon er du Fjordviking og får ein eigen premie.


Lars Lund og Marius Garmann Sørli i fint driv i dei nye raske løypene

BEREDSKAP
Røde Kors er tilgjengeleg i løypa og på stadion. I tillegg har vi eigen stevnelege. Ambulerande vaktmannskap i løypene, samt beredskapssenter på stadion

KJØP OG SAL AV STARTNUMMER
Ta kontakt på info@knarvikmila.no

DRIKKESTASJONAR
Det er 6 drikkestasjon i løypa. (ca. 5km , 7.5km, 10.5km, 12.5km , 15.5km og 18km)

LØYPEMERKING
Løypa er godt merka med røde piler i veg og med skilt kvar kilometer. Det er godt vakthald i løypa, med politi som dirigerer trafikken på kritiske punkt.

MÅLSONAR
Det vert utdelt deltakarmedaljar. NB!Medalje må hentast i Nordhordlandshallen på eige stand. Etter målgang finn ein drikke og bananar frå Kiwi.

MILJØ
KnarvikMila tar ansvar for miljøet og vi håpar De vil hjelpe oss med dette. Vi har tilrettelagt miljøstasjonar for avfall. Kjeldesortering og miljøvaktar er tilstades etter målsonene, ved NH hallen og ymse andre stader.

FARTSHALDAR
Vi vil ha fartshaldar på 1.30 , 1.40 , 1.50 og 2 timer


Flott T-skjorte til alle klassevinnarane på 5km, 10km og halvmarathon - Her halvmarathon.

Fine løyper i flott terreng i Brekkeløypa

Løypekart - NY TRASE I 2022. DET ER 4 RUNDER I 5KM LØYPA + 1097m!

NB!NY løype. På vegar i Knarvik og inn i Brekkeløypa. Ein spring 5km-løypa 4 gonger pluss eit tillegg på kvar runde inn mot Gjervik.

Beskrivelse av løypa

Løypa på Halvmarathon har start og mål på same plass inne på Knarvik Stadion. Løypa går på vegar i Knarvik og inn i Brekkeløypa. I Brekkeløypa er det grus. Resten av Løypa er på asfalt. Det er 8 drikkestasjonar på løypa. Etter målgang inne på Knarvik stadion er det vatten og bananer.  Løypa er godt merka og det er ca 20 løypevakter i løypa. Røde Kors vil også vere på plass på Knarvik Stadion og i løypa. Løypa vil vere bilfri.  MERK! Halvmarathon er 4 runder i 5km løypa. I tilleg kjem 1097m inn på gangvegen mot Gjervik.

Beskrivelse av den nye løypa:

Start på Knarvik Stadion , ein spring så opp mot Ungdomsskule og inn på parkeringsplassen og inn på gangveg inn i Juvikstølen, så ut i Lonevegen. Ned Lonevegen forbi Knarvik Stadion og inn i Brekkeløypa (østre inngang). Etter runden i Brekkeløypa spring ein ut i Lonsvelen i retning E39. Når ein kjem bort mot E39 går løypa inn på gangvegen mot Gjervik på venstre side av gangveg. Etter ca 240m på gangveg snur løypa og ein spring tilbake på motsett side av gangveg. Ved gravplassen spring ein inn på fortauet over Lonsvegen og tar i retning Knarvik Stadion og mål. MERK! Halvmarathon er 4 runder i 5km løypa + 1097m.