Knarvik Xtrem - fredag 31. august

Er du klar for ei ekstra tøff utfordring? Knarvik Xtrem er eit skogsløp som går i terrenget ovanfor Knarvik Stadion. Start og mål er på Knarvik Stadion.

 Foto: Kjell Vigestad / Kondis

Foto: Kjell Vigestad / Kondis

Du kan velge mellom 2 ulike løyper:

  • Kort løype på ca 5.5 km. Frå 10 år -
  • Lang løype på ca 11.0 km. Frå 15 år - 

Utdeling av startnr. og etterpåmelding Nordhordlandshallen frå kl 1600.

Premiering til dei 3 beste kvinner og menn. 

Eigen premiering til dei klasse gut/jente 10 - 14 år i kort løype.

FJORDVIKING

KnarvikXtrem inngår i FjordViking. Deltek du på lang løype KnarvikXtrem , 10km(1/9), og halvmarathon(2/9) er du Fjordviking og får ein eigen premie.

LØYPEKART

Ein  har lagt om løypa i forhold til 2017.  Trasen vil gå på velbrukte stiar i området. Start og innkomst vert - som før - på Knarvik Stadion. Kort løype spring ein runde, lang løype spring to rundar. Den første kilometer går på grusveg i Brekkeløypa. Den neste er forholdsvis flat i terrenget parallelt med Brekkeløypa, men stig litt på slutten. På den neste km er det mykje stigning med parti opp mot 25-30%. Mellom 3km og 4km er det litt opp i starten , men mest nedover. Mellom 4km og 5km er det kupert, der den siste delen er nedover. Dei siste metrane på på slutten av runden er rundt Knarvik Stadion. Den korte løypa går i mål inne på Knarvik Stadion etter ein runde. Dei som spring lang løype tar ein runde til.    

Merking av løypa

Ein vil starte merking av løypa i løpet av kort tid, målet er å ha dette klart ca 15. august.

BEREDSKAP
Røde Kors er tilgjengeleg i løypa og på stadion. I tillegg har vi eigen stevnelege. Ambulerande vaktmannskap i løypene, samt beredskapssenter på stadion

KJØP OG SAL AV STARTNUMMER
Ta kontakt på info@knarvikmila.no

DRIKKESTASJONAR
Det er fleire drikkestasjon i løypa. 

LØYPEMERKING
Alle løyper er godt merka med plastbånd og med skilt kvar kilometer. Det er godt vakthald i alle løyper, med synlege vaktar i kryss.

MÅLSONAR
Det vert utdelt deltakarmedaljar etter målgang. Deretter finn ein drikke frå Olden, restitusjonsdrikk frå YT og bananar frå Kiwi.

MILJØ
KnarvikMila tar ansvar for miljøet og vi håpar De vil hjelpe oss med dette. Vi har tilrettelagt miljøstasjonar for avfall. Kjeldesortering og miljøvaktar er tilstades etter målsonene, ved NH hallen og ymse andre stader.

 Ny trase med start og mål på Knarvik Stadion - kortløype 1 runde - lang løype 2 runder

Ny trase med start og mål på Knarvik Stadion - kortløype 1 runde - lang løype 2 runder