NaturMila - søndag 1. september

Del ei aktiv stund – gå med dei du er glad i.

 
 Naturmila passar for heile familien. Eigen rabatt for Familiepåmelding.

Naturmila passar for heile familien. Eigen rabatt for Familiepåmelding.

 Naturmila går på igjennom Brekkeløypa og opp i terrenget ovanfor Knarvik Stadion

Naturmila går på igjennom Brekkeløypa og opp i terrenget ovanfor Knarvik Stadion

NaturMila består av fire ulike trasear, frå 2 km til 7,5 km. Du kan velje løypa når du startar. Det er ikkje tidtaking på Naturmila og det er inga nedre aldersgrense.

Dato: søndag 1. september

Start i perioden: 1100-1330 (alle må vere komme i mål til kl 1500 for å vera med på trekkinga av hovudgevinstane).  Start for alle løyper er ovanfor tribuna på Knarvik Stadion. For å komma til start går ein på grusvegen, som går på sørsida(mot Knarvik Kjyrkje) av Knarvik stadion. 

Løypene går i fint turterreng på grusveg og sti. Den kortaste løypa går berre på grusveg og passar best for dei som ikkje kan føte seg så godt i terrenget. Dei to lengste alternativa har fleire aktivitetar i løypa. Også i år blir det «sportsgudsteneste» ved "Gamleskulen" ca kl 1200.

BEREDSKAP
Røde Kors er tilgjengeleg i løypa og på stadion. I tillegg har vi eigen stevnelege. Ambulerande vaktmannskap i løypene, samt beredskapssenter på stadion

KJØP OG SAL AV STARTNUMMER
Ta kontakt på info@knarvikmila.no

DRIKKESTASJONAR
Det er drikkestasjon i løypa. Det er også utdeling av frukt i løypa. 

LØYPEMERKING
Alle løyper er godt merka med plastbånd og med skilt kvar kilometer. Det er godt vakthald i alle løyper, med synlege vaktar i kryss.

MÅLSONAR
Det vert utdelt deltakarmedaljar etter målgang. Deretter finn ein drikke frå Olden, restitusjonsdrikk frå YT og bananar frå Kiwi.

MILJØ
KnarvikMila tar ansvar for miljøet og vi håpar De vil hjelpe oss med dette. Vi har tilrettelagt miljøstasjonar for avfall. Kjeldesortering og miljøvaktar er tilstades etter målsonene, ved NH hallen og ymse andre stader.

Premiar trekt på Startnr.

Premiar som er trekt på startnr. kan ein sjekke på eiga stand i Nordhordlandshallen.