Velkommen til KnarvikMila 2019

 

Generell informasjon 

 Eddie Ebbesvik - Dagleg leiar Knarvikmila

Eddie Ebbesvik - Dagleg leiar Knarvikmila

Det er med stor glede eg kan ønskja velkomen til KnarvikMila 2019!

KnarvikMila har i ei årrekke vore ein stor folkefest med aktivitetar over fleire dagar. Vi set folkehelse i fokus og har eit tilbod til alle, uansett alder og fysisk form. I 2018 var der over 8000 påmeldte deltakarar fordelt på dei ulike løpa og turmarsjane. Vi ønskjer nye og gamle deltakarar hjarteleg velkomen til våre arrangement i 2019!

KnarvikMila har eit tydeleg nedfelt verdigrunnlag, kor vi set folkehelse, sunnheit og miljø i front. I tillegg skal vi vera ein aktør med samfunnstydning og engasjera oss i hjelpetiltak. Vi fortset samarbeidet med Kreftforeningen og størsteparten av påmeldingsavgifta på 5km går til dette formål. Løpet har fått namnet «Løp for å leve 5km». Vi håpar på stor oppslutnad og påfølgjande solid økonomisk tilskot til Kreftforeningen.

Vårt første arrangement i 2019 er Bergen FjordTur. Denne flotte turen går frå Bergen til Knarvik laurdag den 15. juni. Starten går frå magiske Fløyen og turen er ei fantastisk naturoppleving i idylliske omgjevnader. Løypa er 27 km lang. Om du tykkjer at turen vert i lengste laget, er det og mogleg å starta frå Ikea i Åsane (14 km). For dei ivrigaste løparane er det eigen løpsklasse i langløypa.

I KnarvikMila skal du finna eit løp som passar for deg uansett form. Vårt konsept FjordViking er eit tilbod til dei aller best trente. Her vert det 3 løp på tre dagar. Xtremløp 11km på fredag 30.8, 10km gateløp på lørdag 31.8 og avslutningsvis halvmaraton på søndag 1.9. Totaldistansen er ein maraton på 42 km og vi registrerer samla tid. Er du tøff nok til å testa ut dette ekstremkonseptet? Det er god tid til å trena seg opp…

UngdomsMila er KnarvikMila sitt største verdiarrangement. I 2018 var det rekorddeltaking med 2700 skuleelevar frå heile Vestlandet. I tillegg til løpa arrangerer vi saman med fleire samarbeidspartnarar miljøkurs, trafikksikringskurs, kurs i privatøkonomi, antidoping kurs og sjømatkurs. Denne dagen er fleire generasjonar tilstade på Knarvik Stadion og arrangementet hadde ikkje vore mogleg utan dei over 100 frivillige pensjonistane og lærarstaben på Knarvik Ungdomsskule.

KnarvikMila har eit formidabelt stort premiebord! Vi har flotte medaljar til alle deltakarar, vinnarpremiar og eit stort trekningspremiebord. Meir informasjon om trekningspremiar kjem.

Eg vil med dette ønskja Dykk hjarteleg velkomen til ei sosial, sunn, kjekk og helseframande KnarvikMila veke. Meld deg på og start treninga i dag!