Velkommen til KnarvikMila 2018

 

Generell informasjon 

 Eddie Ebbesvik - Dagleg leiar Knarvikmila

Eddie Ebbesvik - Dagleg leiar Knarvikmila

Det er med stor glede eg kan ønskja velkomen til KnarvikMila 2018!

KnarvikMila har i ei årrekke vore ein stor folkefest med aktivitetar over fleire dagar. Vi set folkehelse i fokus og har eit tilbod til alle, uansett alder og fysisk form. I 2017 var der 7000 deltakarar fordelt på dei ulike løpa og turmarsjane. Vi har fortsett plass til fleire, så om du ikkje har delteke på KnarvikMila tidlegare, bør du ta ein tur til oss i år!

KnarvikMila har eit tydeleg nedfelt verdigrunnlag, kor vi set folkehelse, sunnheit og miljø i front. I tillegg skal vi vera ein aktør med samfunnstydning og engasjera oss i hjelpetiltak. I år har vi inngått samarbeid med Kreftforeningen og størsteparten av påmeldingsavgifta på 5km går til dette formål. Løpet har fått namnet «Løp for å leve 5km». Vi håpar på stor oppslutnad og påfølgjande solid økonomisk tilskot til Kreftforeningen. I høve samarbeidet presenterer vi og Hedda Kise som føredragshaldar på KnarvikKonferansen, Hedda er mangeårig programleiar på TV2 og i 2007 vart ho operert for hjernesvulst, og har sidan levd med kroniske smerter og fatigue. På KnarvikKonferansen tysdag 28.august fortel ho om korleis nå dine mål og kjenne lykke, sjølv når livskrisa rammar.

Vårt første arrangement i 2018 er Bergen FjordTur. Denne flotte turen går frå Bergen til Knarvik den 16. juni. Nytt av året er at starten er flytta til Fløyen. Denne endringa har vi gjort for at turen skal verta endå meir idyllisk og samstundes vert det mindre asfaltunderlag. Vi ser at det er ei kraftig auke i påmeldinga, så løypejusteringa ser ut til å vera godt motteke. Om du tykkjer at denne turen vert i lengste laget, er det og mogleg å starta frå Ikea i Åsane.

I KnarvikMila skal du finna eit løp som passar for deg uansett form. Vårt konsept FjordViking er eit tilbod til dei aller best trente. Her vert det 3 løp på tre dagar. Xtremløp 11km på fredag, 10km gateløp på lørdag og avslutningsvis halvmaraton på søndagen. Totaldistansen er ein maraton på 42 km og vi registrerer samla tid. Er du tøff nok til å testa ut dette ekstremkonseptet? Det er enno tid til å trena seg opp…

UngdomsMila er KnarvikMila sitt største verdiarrangement. I 2017 var det rekorddeltaking med 2700 skuleelevar frå heile Vestlandet. I tillegg til løpa arrangerer vi saman med fleire samarbeidspartnarar miljøkurs, trafikksikringskurs, kurs i privatøkonomi og sjømat. Denne dagen er fleire generasjonar tilstade på Knarvik Stadion og arrangementet hadde ikkje vore mogleg utan dei over 100 frivillige pensjonistane og lærarstaben på Knarvik Ungdomsskule.

KnarvikMila har eit formidabelt stort premiebord! Kverneland er med på laget og dei gjer vekk ein Ford Fiesta ST-line som vert trekt ut på startnummer blant alle deltakarane! Kanskje er det akkurat du som køyrer frå stadion søndag den 2. september med denne flotte bilen..

Eg vil med dette ønskja Dykk hjarteleg velkomen til ei sosial, sunn, kjekk og helseframande KnarvikMila veke. Meld deg på og start treninga i dag!