YT-Stafetten - lørdag 31. august

YT-Stafetten er ein stafett på 5 etappar. Kvar etappe er på mellom 750m – 1250m.

yt.jpg

I samarbeid med Nordhordland Næringslag og YT arrangerer Knarvikmila YT-Stafetten. 

Stafetten er open for både bedrifter, familier og vennelag. Det er 3 klassar: kvinner, menn, mix (min 2 pr kjønn)
Det er tidtaking og eigen premiering for stafetten. Deltakarane på stafetten er med i trekkinga av premiane, som vert trekt ut på startnr., på lik linje med andre deltakarar på Knarvikmila. 

Dato: lørdag 31. august

Start kl: 13:00

  • 1. etappe: 730m

  • 2. etappe: 1040m

  • 3. etappe: 1160m

  • 4. etappe: 820m

  • 5. etappe: 1250m

Startnummer, deltakarposar og stafettpinne vert å henta i YT-stafett sona på KnarvikMessa i Nordhordlands-hallen (sjå stadionkart): Lørdag kl. 11.00 – 12.30. Nordhordland Næringslag står for utdeling av lags- og deltakar posar. Kvar deltakar får to startnummer. Det eine er startnummer med lagsnummer (f.eks 2-2 som indikerer lagsnummer og etappenummer). Dette nummeret skal festas på front mage. Det andre startnummeret er individuelt nummer som gjeld for premietrekning. Dette skal ikkje brukast under løpet. Lagsoppstilling skal førast på eige ark (utleverast ved henting av startnummer). Stafettpinne vert utlevert i lagsposen. Pinnen er utstyrt med registreringschip som registrerer at de startar og kjem i mål. Pinnen må leverast tilbake i målområdet.

Etter stafetten kan ein samlast på eige mingleområde på KnarvikMessa i Nordhordlandshallen. Her vert det servert bananar, YT-barar og Olden vatn. 


Løypekart med vekslingar:

YT-5km-med-pil.jpg
 
 

YT-stafetten har start og mål på Knarvik Stadion. Løypa går på vegar i Knarvik rundt Knarvik Stadion og Nordhordlandshallen. Løypa går på asfalt. I mål inne på Knarvik stadion er det vatten, Olden, bananer og produkt frå YT.  Løypa er godt merka og det er ca 20 løypevakter i løypa. Røde Kors vil også vere på plass på Knarvik Stadion og i løypa. Løypa vil vere bilfri. YT-Stafetten er lettløpt og forholdsvis flat. 

Vekslingsfelta er merka med start 2. etappe (1. veksling), start 3. etappe (2. veksling) osv, samt YT flagg. Vekslingsfelta vert å finna på høgre side av løypa. Det er oppmerka vekslingsstrek, ikkje vekslingsfelt. Sjølve vekslinga er i området rundt vekslingsstreken. Vekslingane er godt merka og der er eigne vekslingsvakter i løypa.