5 km - lørdag 7. september

Er du klar for halvmila? Løp for å leve i samarbeid med Kreftforeningen.

OBS! KnarvikMila har eit samarbeid med Kreftforeningen. Kr. 100 av påmeldingsavgifta til 5 km Løp for å leve går til Kreftforeningen.

Erlend Sørheim - Foto: Kjell Vigestad / Kondis

Erlend Sørheim - Foto: Kjell Vigestad / Kondis

Er du litt lite trent og har lyst til å utfordra deg sjølv til å springe ein overkommeleg distanse? Er du godt trent og har lyst til å setja ny pers?
5 kilometeren er eit lett løp som går i ein bilfri trasé. Same trase som i 2022.
KnarvikMila har inngått samarbeid med Kreftforeningen. Kr. 100,- av påmeldingsgebyret
på 5km går uavkorta til Kreftforeningen. Om du skal være med på andre distansar i
KnarvikMila er det mogleg å gje ein donasjon til Kreftforeningen ved påmelding.

Dato: lørdag 7. september

NB! Start: 15.00

Premiering:  Premiar til dei 3 beste kvinner og menn . Trekning av hovudpremiane på søndag kl. 15.00 på Knarvik Stadion.

NB! Det vert delt ut premie til alle klassevinnarar. Det er desse klassane:

Ungdom/junior: 10-11, 12-13, 14-15, 16–17, 18–19, 20–22 år.
Senior: 23–34 år.
Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.

Start og mål på same plass, framfor hovudtrubuna

FJORDVIKING

Knarvikmila 5km inngår i FjordViking. Deltek du på lang løype 5km, 10km, og halvmarathon er du Fjordviking og får ein eigen premie.


BEREDSKAP
Røde Kors er tilgjengeleg i løypa og på stadion. I tillegg har vi eigen stevnelege. Ambulerande vaktmannskap i løypene, samt beredskapssenter på stadion

KJØP OG SAL AV STARTNUMMER
Ta kontakt på info@knarvikmila.no

DRIKKESTASJONAR
Det er ein drikkestasjon i løypa. 
LØYPEMERKING
løyper er godt merka med piler i vegen og med skilt kvar kilometer. Det er godt vakthald i løyper, med godt synlege vaktar i kryss.
MÅLSONAR
Det vert IKKJE delt ut deltakarmedaljar etter målgang. Medalje kan hentast ut i Nordhordlandshallen. Det einaste som vert delt ut etter løpet er drikke på flaske.
MILJØ
KnarvikMila tar ansvar for miljøet og vi håpar De vil hjelpe oss med dette. Vi har tilrettelagt miljøstasjonar for avfall. Kjeldesortering og miljøvaktar er tilstades etter målsonene, ved NH hallen og ymse andre stader.

Alle klassevinnarar på 3km, 5km, 10km og halvmarathon får ei spesial laga T-skjorte som premie.

Her er nokon av klassevinnarane på scena og får si velfortjente T-skjorte.

Eli Anne Dvergsdal - vinnar av 5 km i 2017 - Foto: Kjell Vigestad / Kondis

Eli Anne Dvergsdal - vinnar av 5 km i 2017 - Foto: Kjell Vigestad / Kondis


Løypekart - NY TRASE

løypekart 5km - NYTT i 2021, med start og mål på same plass framfor tribuna på Knarvik Stadion.

NY TRASE I 2022!! - 5km har start og mål på Knarvik Stadion. Løypa går på vegar i Knarvik rundt Knarvik Stadion og i Brekkeløypa. Løypa går på asfalt/grus. Det er 1 drikkestasjonar i løypa , etter ca. 3km. I mål inne på Knarvik stadion er det vatten og bananer.  Løypa er godt merka og det er ca 20 løypevakter i løypa. Røde Kors vil også vere på plass på Knarvik Stadion og i løypa. Løypa vil vere bilfri. 5km er lettløpt og forholdsvis flat.

Beskrivelse av den nye løypa:

Start på Knarvik Stadion , ein spring så opp mot Ungdomsskule og inn på parkeringsplassen og inn på gangveg inn i Juvikstølen, så ut i Lonevegen. Ned Lonevegen forbi Knarvik Stadion og inn i Brekkeløypa (østre inngang). Etter runden i Brekkeløypa spring ein ut i Lonsvelen i retning E39. Når ein kjem bort mot E39 går løypa inn på gangvegen mot Gjervik på venstre side av gangveg. Etter ca 100m på gangveg snur løypa og ein spring tilbake på motsett side av gangveg. Ved gravplassen spring ein inn på fortauet Over Lonsvegen og tar i retning Knarvik Stadion og mål.

Oppdatert gpx-fil for ny 5km