MiniMila & KnøtteMila - søndag 8. september kl 1200

Ein familiedag for akkurat passeleg store føter!  MiniMila & KnøtteMila går av stabelen kvart år på Knarvik Stadion.

Start Knøttemila

Start Knøttemila

Milla og Milius kjem.

Milla og Milius kjem.

Start Knøttemila

Start Knøttemila

MiniMila og KnøtteMila er morosame løp for born i området ved og på Knarvik stadion. Distanse: ca 1 km (MiniMila) - 300 meter med diverse hinder (KnøtteMila)

Det blir flotte premiar trekt på startnummer, og alle som deltek får GRATIS T-skjorte, medalje og drikke i målområdet! MiniMila er eit løp utan tidtaking for dei som går i 1. - 7. klasse, og KnøtteMila for dei som ikkje har begynt på skulen. I 2023 deltok nesten 900 born.

MILLA og MILIUS kjem - kjem du?

Denne dagen vert det og fleire familieaktivitetar, som for eksempel sals- og informasjonsmesse, , underhaldning frå scena og andre aktivitetar for born.

Dato: søndag 8. september

Start konsert: 1200

Start Knøttemila: 12:30

Start Minimila: 13:00

 Henting av startnr. i Nordhordlandhallen.

Det er inga påmelding og det er GRATIS Å delta

Lisa Maria og Tobias frå MGP junior og ZING ZANG hadde konsert i 2022. Kven som kjem i 2024 er ikkje avklara.