UngdomsMila - 6. september

- Ein idrettsdag for kropp og hjerne. 

 
Ungdomsløpet 2014.jpg

I løpet av dei 18 åra vi har arrangert UngdomsMila, har nesten 40.000 ungdommar i 8.–10. klasse frå heile Nordhordland og Bergen delteke.

UngdomsMila er ei ca. 2 km lang grusløype, og gutar og jenter startar for seg. Ein startar klassevis.

Dato: fredag 6. september

Premiering: Det er premiar til dei tre beste jentene og gutane.

Trafikkopplæring: Vi arrangerer eit eige trafikkopplæringskurs for 10. klasse. Dette er eit samarbeid med Trygg Trafikk, Statens Vegvesen og politiet. Her kan ein heldig 10. klassing vinne eit gåvekort på 15 000 kroner gitt av Activ Trafikkopplæring og kan berre brukast til trafikkopplæring. Det vert også trekt ut 10 gåvekort på kr 3.000 som må brukast til trafikalt grunnkurs.

Miljøkurs: For elevane i 8. og 9. klasse arrangerer vi eit opplegg med vekt på miljø og gjenvinning. Her vil vi sjå på korleis vi kan nytte bosset til å lage nye produkt. Det vert trekt ut ein sykkel blant dei som deltek på dette opplegget.

NB! Påmelding via skulen!