Pengepremiar på 5km , 10km og Halvmaraton

 

Knarvikmila ynskjer å premiere dei beste løparane på 5km , 10km og Halvmaraton. På same tid ynskjer ein å premiera gode resultat. Ein har difor laga til ein gradert tabell over storleik på pengepremien. Ei god tid gir ein større pengepremie enn ei litt dårligare tid. Ein har tatt utgangspunkt i statistikken på kondis.no.

Ein har særleg lagt vekt på gode tider på 10km, som er den klassiske Knarvikmila. På denne distansen er det kr. 10 000 for førstepremie om tida er god.