Stolpejakten Alver 2024 - frå 23. mars til 3. november

Velkomen til Stolpejakten i Alver!

Me ynskjer deg velkomen til ny stolpejakt-sesong!

Stolpejakten i Alver vert arrangert av Knarvikmila. Knarvik senter og Alver kommune er samarbeidspartnarar. Stolpejakten er eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å koma seg ut på tur. Du kan jakta på stolpar i mange av dei vakre turområda i Alver kommune. Fleire av stolpane er òg tilgjengelege for rullestolbrukarar og med barnevogn. I 2023 var det over 8000 som deltok. Kart over stolper kjem ca. 20. mars.

Dei stolpane er plasserte rundt i kommunen, frå Sylteneset i vest til Totlandsfjellet i aust. Last ned appen «Stolpejakten» gratis på App Store eller Google Play til din mobiltelefon og ta med telefon på tur. Skann QR-kodane på stolpane du finn med appen. Appen kan du laste ned frå ca. 20 mars. Kartet med plassering av stolpar kan du laste ned lørdag 23. mars kl 1200.

Nytt i år er også dei ekstra konkurransene i konkurransen, kor du kan vinne flotte premiar:

Alverparken/Reigstad Bygg og Eigedom
- Finn ein av stolpane til Reigstad Bygg. Ta bilde av deg sjølv og stolpen.
- Legg bildet inn som kommentar på Facebooksiden til Alverparken.
- Vinn gavekort på Amfi Knarvik på kr. 10.000
- Trekning av premie etter stolpejakten er ferdig i november.

Stendal VVS
- Finn ein av stolpane til Stendal VVS. Ta bilde av deg sjølv og stolpen.
- Legg bildet inn som kommentar på stolpejakten innlegget på Facebooksiden til Stendal VVS.
- Premien er ett gavekort på 5000kr fra Stendal VVS og trekkes etter stolpejakten er ferdig i november.

REMA 1000 Knarvik
- Finn 5 av dei 15 stolpene til Rema 1000 Knarvik.
- Skriv ned stolpenummeret og plasseringen av Rema-stolpene på en lapp, sammen med navn, telefonnummer og epostadresse.
- Lever lappen inn på Rema 1000 Knarvik og du er med om trekningen av fleire flotte fruktkurver gjennom stolpejaktsesongen.
- Vinnerne blir kontakta av Rema 1000 etter trekning!

Feste Trafikkskole
- Finn dei to stolpane til Feste Trafikkskole.
- Ta eit bilde av deg sjølv og stolpen på kvar av stolpane.
- Legg dei to bileta inn på Facebooksiden til Feste Trafikkskole.
- Premien er ein dobbel kjøretime frå Feste Trafikkskole.


VIS OMSYN PÅ STOLPEJAKT!

Hugs å ta omsyn til andre turgåarar, grunneigarar, natur, dyr og fuglar. Hugs difor:

å lukka alle grinder 
å følgja reglar for sikring av hund, og at det er bandtvang frå 1. april 
å parkera på eigna stader - ikkje på dyrka mark, i hagar, i innkøyrslar eller andre stader der det er til ulempe for andre
å la beitedyr vera i fred, og ikkje mata dei
å ferdast sporlaust og å ta med deg attende alt du har tatt med ut i naturen

KnarvikMila, AMFI Knarvik og Alver kommune ønskjer alle ei flott jakt på stolpar i Alver kommune!

Besøk Facebook “Stolpejakten Alver” for meir informasjon.

Sponsorar for stolpejakten Alver 2024

Dette er stolpen på Syltaneset, heilt nord på Radøy