Sparebanken Vest-stafetten

- fredag 6. september

Sparebanken Vest-stafetten er ein stafett på 5 etappar. Kvar etappe er på mellom 300m – 1500m.

Sparebanken Vest-stafetten er sosial teambygging og betre folkehelse samla i eit arrangement. Gå saman med gode kollegaer, lag eit lag og bli med på ein kort og intens stafett i fellesskap. Kva med å utfordre andre i eigen eller i konkurrerande verksemder?

I samarbeid med våre gode samarbeidspartnar Sparebanken Vest arrangerer Knarvikmila Sparebanken Vest-stafetten. 

Lag ditt eige lag med 5 av dine favorittkollegaer, gode vener eller lagkameratar frå idrettslaget. Stafetten er sett saman av 5 relativt korte etappar frå 300m til ca. 1,5 km kvar. Start og mål er på Knarvik stadion og alle etappar vil ha veksling like ved stadion, slik at det vil vera mogleg å følgja utviklinga i løpet nærast heile tida.

Du vil aldri vera langt frå ein god kollega eller lagkamerat som heiar deg fram til neste veksling!

Like etter stafetten samlas alle deltakane til til ei felles samling i Nordhordlandshallen. Her blir det premieutdeling, mat, mingling, skryting og ei god stemning sammen med andre løpere. Kom som du er – litt svett treningstøy er standardantrekket denne dagen! Samlinga er inkludert i påmeldingsprisen.

Det blir premier til de tre beste lagene på Sparebanken Vest-stafetten!

Same trase og etapper som i 2023.

Dato: Fredag 6. september

NB! Start kl: 18:00

  • 1. etappe: 900m

  • 2. etappe: 1500m

  • 3. etappe: 400m

  • 4. etappe: 700m

  • 5. etappe: 300m

Startnummer og stafettpinne vert å henta i Nordhordlands-hallen (sjå stadionkart): Fredag kl. 1600 – 18.00.

Stafettpinne vert utlevert i lagsposen. Pinnen må leverast tilbake i målområdet.

Totalt er Sparebanken Vest-stafetten ca. 3800 meter fylt med spenning, dramatikk og mykje moro saman med andre!

  • Garderober/dusj og toaletter i Nordhordlandshallen

  • Bagasjeoppbevaring i Nordhordlandshallen

  • Parkering: Godt utvalg av parkeringsplasser i området rundt stadion

  • Startnummerutdeling: Nordhordlandshallen


 

1. etappe: 900 m

Det blir start foran scena på Knarvik stadion, retning sørover, ut mot Knarvik ungdomsskule, inn på parkeringa og rundt Juvikstølen til barnehagen og ned mot Brekkeløypa for veksling.

2. etappe: 1500 m

Frå veksling og inn på Brekkeløypas vestre inngång, rundt heile Brekkeløypa og til veksling ved østre utgång.

3. etappe: 400 m

Frå utgången i Brekkeløypa, forbi NBK sitt klubbhus, opp grusbakken og bak tribuna på Knarvik stadion. Føl grusveien vidare til du kjem ned med Nordhordlandshallen og veksling utanfor hallen.

4. etappe: 700 m

Frå veksling løp du forbi Kraftbua og føl den samme sløyfa rundt Juvikstølen som ble brukt i den første etappen, til veksling mellom inngangen til Brekkeløypa og kunstgrasbana.

5. etappe: 300 m

Dette blir enten ein kort sjarmøretappe til mål eller eit beinhardt spurtoppgjer mot konkurrentane dine. 300 flate, raske meter på asfalt og tartandekket på stadion, før du kan krysse mållinja foran scena og tribuna til heider, ære og den gode følelsen av å ha gjort noko kjekt sammen med gode vener og kollegaer.