Om KnarvikMila

Kort eller langt? - Bratt eller slakt! Springe eller gå?

KnarvikMila er meir enn eit løp og meir enn ein distanse.

KnarvikMila er òg meir enn eit idrettsarrangement. Dette er ei veke spekka med både kultur- og idrettsarrangement. I 2024 blir KnarvikMila arrangert for 42. gong. Då fører alle vegar og spretne føter til Knarvik. 

KnarvikMila blei starta i 1983 av ildsjel og primus motor Helge Brekke og blir arrangert av friidrettsklubben FIL-AKS-77. Sidan 1983 har tusenvis av føter sprunge langs vegar og på bane i Knarvik ei veke kvar haust. I 2023 var ca. 400 frivillige i sving for å gjere arrangementet minneverdig for dei nesten 7000 påmelde. Utan frivillige langt utanfor medlemmane i idrettslaget, hadde det ikkje vore mogeleg å arrangere KnarvikMila slik den er i dag – ei veke til endes.

Det er totalt 12 ulike samarbeidspartnarar som er med på å arrangere KnarvikMila: Alver kommune, ZingZang, Knarvik AMFI, Knarvik Skulekorps, Knarvik IL, Nordhordland Ballklubb, Dørstokkmila, Kreftforeningen, Nordhordland Skiklubb, Nordhordland Røde Kors , Children at Risk Foundation og Seim Songkor.

Vi må også rette ein stor takk til sponsorar og næringslivet som støttar KnarvikMila år etter år.

Dagleg leiar i Knarvikmila er Ronny Borgen Hansen. Styreleiar er Einar Vaage.

Daglig leiar : Ronny Borgen Hansen

Mobil : 977 57 909

E-post : ronny@knarvikmila.no

Styreleiar :Einar Vaage Mobil : 930 55 808 E-post : einar.vaage@atea.no

Styreleiar :Einar Vaage
Mobil : 930 55 808
E-post : einar.vaage@industriutviklingvest.no

FIL-AKS77 er arrangør av Knarvikmila - Første gong arrangert i 1983

FIL-AKS77 er arrangør av Knarvikmila - Første gong arrangert i 1983