10 km - lørdag 7. september

Klar ein klassikar! Distansen blir arrangert for 42. gong i 2024

10km.jpg

NYTT i ÅR NB! Start og mål på same plass, framfor hovudtrubuna

Alle klassevinnarar på 3km, 5km, 10km og halvmarathon får ei spesial laga T-skjorte som premie.

Her er nokon av klassevinnarane på scena og får si velfortjente T-skjorte.

Det er ei lett, kontrollmålt og bilfri løype – med start og mål på Knarvik Stadion.

Dato: Lørdag 7. september

NB! Start: 13.30

Premiering:  Premiar til dei 3 beste kvinner og menn .Trekning av hovudpremiane på søndag kl. 15.00 på Knarvik Stadion.

NB! Det vert delt ut premie til alle klassevinnarar. Det er desse klassane:

Ungdom/junior: 12-13, 14-15, 16–17, 18–19, 20–22 år.
Senior: 23–34 år.
Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.

FJORDVIKING

Knarvikmila 10km inngår i FjordViking. Deltek du på 5km, 10km, og halvmarathon er du Fjordviking og får ein eigen premie.

BEREDSKAP
Røde Kors er tilgjengeleg i løypa og på stadion. I tillegg har vi eigen stevnelege. Ambulerande vaktmannskap i løypene, samt beredskapssenter på stadion

KJØP OG SAL AV STARTNUMMER
Ta kontakt på info@knarvikmila.no

DRIKKESTASJONAR
Det er 2 drikkestasjon i løypa med vann på flaske. 
LØYPEMERKING
løyper er godt merka med piler i vegen og med skilt kvar kilometer. Det er godt vakthald i løyper, med godt synlege vaktar i kryss.

FARTSHALDAR

Vi har fartshaldar på 40minutt, 50 minutt og 60 minutt.

MÅLSONAR
Det vert IKKJE delt ut deltakarmedaljar etter målgang. Medalje kan hentast ut i Nordhordlandshallen. Det einaste som vert delt ut etter løpet er drikke på flaske.
MILJØ
KnarvikMila tar ansvar for miljøet og vi håpar De vil hjelpe oss med dette. Vi har tilrettelagt miljøstasjonar for avfall. Kjeldesortering og miljøvaktar er tilstades etter målsonene, ved NH hallen og ymse andre stader.


Løypekart 10km - NY TRAse i 2022. det er 2 runder i 5km løypa

10km har start og mål på same plass inne på Knarvik Stadion. Løypa går på vegar i Knarvik og inn i Brekkeløypa. I Brekkeløypa er det grus. Resten av Løypa er på asfalt. Det er 2 drikkestasjonar på løypa , etter ca. 3km og ca. 8,5km. I mål inne på Knarvik stadion er det vatten og bananer.  Løypa er godt merka og det er ca 20 løypevakter i løypa. Røde Kors vil også vere på plass på Knarvik Stadion og i løypa. Løypa vil vere bilfri.  MERK! 10km er 2 runder i 5km løypa.

Beskrivelse av den nye løypa:

Start på Knarvik Stadion , ein spring så opp mot Ungdomsskule og inn på parkeringsplassen og inn på gangveg inn i Juvikstølen, så ut i Lonevegen. Ned Lonevegen forbi Knarvik Stadion og inn i Brekkeløypa (østre inngang). Etter runden i Brekkeløypa spring ein ut i Lonsvelen i retning E39. Når ein kjem bort mot E39 går løypa inn på gangvegen mot Gjervik på venstre side av gangveg. Etter ca 100m på gangveg snur løypa og ein spring tilbake på motsett side av gangveg. Ved gravplassen spring ein inn på fortauet Over Lonsvegen og tar i retning Knarvik Stadion og mål. MERK! 10km er 2 runder i 5km løypa.