3km - søndag 8. september - kl 1400

OBS! KnarvikMila har eit samarbeid med Kreftforeningen. Tidligare år er Kr. 100 av påmeldingsavgifta til 5 km gått Kreftforeningen. I 2024 er det kr. 100 av påmeldinga til 3km søndag 8. september som går til dette gode formålet. I 2023 vart det kr. 50.000 som vart samla inn til Kreftforreningen.

Er du lite trent og syns 5km er for langt eller har lyst til å utfordra deg sjølv til å springe ein overkommeleg distanse? Er du godt trent og har lyst til å setja ny pers?
3km er som det ligg i navnet ,3 kilometer lang og er eit nytt løp i 2023. Løypa er lettløpt og går i ein bilfri trasé. Start og mål inne på Knarvik Stadion med ein runde inne i Brekkelyøpa. Løypekart kjem så snart BKK er ferdig med graveatbeide rundt Knarvik Stadion.
Dato: søndag 8. september

Start: 14.00
Premiering:  Premiar til dei 3 beste kvinner og menn . Trekning av hovudpremiane på søndag kl. 15.00 på Knarvik Stadion.

NB! Det vert delt ut premie til alle klassevinnarar. Det er desse klassane:

Ungdom/junior: 10-11, 12-13, 14-15, 16–17, 18–19, 20–22 år.
Senior: 23–34 år.
Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.

Start og mål på same plass, framfor hovudtrubuna

Den nye 3km har start og mål inne på Knarvik Stadion

Alle klassevinnarar på 3km, 5km, 10km og halvmarathon får ei spesial laga T-skjorte som premie.

Her er nokon av klassevinnarane på scena og får si velfortjente T-skjorte.