5 km - lørdag 1. september

Er du klar for halvmila? Løp for å leve i samarbeid med Kreftforeningen.

Vi støtter Kreftforeningen 2018.jpg
 Foto: Kjell Vigestad / Kondis

Foto: Kjell Vigestad / Kondis

Er du lite trent og har lyst til å utfordra deg sjølv til å springe ein overkommeleg distanse? Er du godt trent og har lyst til å setja ny pers?
5 kilometeren er eit lett løp som går i ein bilfri trasé.
KnarvikMila har inngått samarbeid med Kreftforeningen. Kr. 100,- av påmeldingsgebyret
på 5km går uavkorta til Kreftforeningen. Om du skal være med på andre distansar i
KnarvikMila er det mogleg å gje ein donasjon til Kreftforeningen ved påmelding.

Dato: lørdag 1. september

Start: 14:00

Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn.

Distansen er klasseinndelt med premie til kvar klassevinnar.

Ungdom/junior: 10-11, 12-13, 14-15, 16–17, 18–19, 20–22 år.
Senior: 23–34 år.
Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.


Løypekart

5km-med-pil.jpg
 

5km har start og mål på Knarvik Stadion. Løypa går på vegar i Knarvik rundt Knarvik Stadion og Nordhordlandshallen. Løypa går på asfalt. Det er 1 drikkestasjonar på løypa , etter ca. 3km. I mål inne på Knarvik stadion er det vatten, Olden, bananer og produkt frå YT.  Løypa er godt merka og det er ca 20 løypevakter i løypa. Røde Kors vil også vere på plass på Knarvik Stadion og i løypa. Løypa vil vere bilfri. 5km er lettløpt og forholdsvis flat.