Stolpejakten Alver 2026 - frå 28. mars til 1. november

Velkomen til Stolpejakten i Alver!

Me ynskjer deg velkomen til ny stolpejakt-sesong!

Stolpejakten i Alver vert arrangert av Knarvikmila. Knarvik senter og Alver kommune er samarbeidspartnarar. Stolpejakten er eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å koma seg ut på tur. Du kan jakta på stolpar i mange av dei vakre turområda i Alver kommune. Fleire av stolpane er òg tilgjengelege for rullestolbrukarar og med barnevogn. I 2025 var det over 8000 som deltok. Kart over stolper kjem ca. 20. mars.

Dei stolpane er plasserte rundt i kommunen, frå Sylteneset i vest til Totlandsfjellet i aust. Last ned appen «Stolpejakten» gratis på App Store eller Google Play til din mobiltelefon og ta med telefon på tur. Skann QR-kodane på stolpane du finn med appen. Appen kan du laste ned frå ca. 20 mars. Kartet med plassering av stolpar kan du laste ned lørdag 23. mars kl 1200.

VIS OMSYN PÅ STOLPEJAKT!

Hugs å ta omsyn til andre turgåarar, grunneigarar, natur, dyr og fuglar. Hugs difor:

å lukka alle grinder 
å følgja reglar for sikring av hund, og at det er bandtvang frå 1. april 
å parkera på eigna stader - ikkje på dyrka mark, i hagar, i innkøyrslar eller andre stader der det er til ulempe for andre
å la beitedyr vera i fred, og ikkje mata dei
å ferdast sporlaust og å ta med deg attende alt du har tatt med ut i naturen

KnarvikMila, AMFI Knarvik og Alver kommune ønskjer alle ei flott jakt på stolpar i Alver kommune!

Besøk Facebook “Stolpejakten Alver” for meir informasjon.

Dette er stolpen på Syltaneset, heilt nord på Radøy