KnarvikMila-messa i Nordhordlandshallen, fredag 4. - søndag 6. september 2026

Tradisjonen tru arrangerer vi ei stor salsmesse i Nordhordlandshallen under KnarvikMila-helga i september.

Her blir det eit bredt utval stands med sal frå lokale produsentar og distributørar av spennande og unike produkt og tenester. Det blir gode messetilbod der du kan gjere eit skikkeleg kupp!

Lokale lag og foreiningar kjem også for å visa fram det dei driv med, kanskje det blir både oppvisningar og små konkurransar.

Ønskjer du å vera utstillar på messa? Lagar du heimeproduserte handverksprodukt, har du ein liten eller stor bedrift og ønskjer å visa fram og selja dine produkt? Er du i eit lag eller ei foreining som ønskjer å visa fram aktivitetane dykkar, og kanskje vil rekruttere nye medlemmer?

På salsmessa vår fredag 4. - søndag 6. september møter du eit stort publikum som kan sjå kva du driv med.

  • Gratis for lokale lag og foreiningar

  • Frå Kr. 3.000,- for næringsverksemder

Registrer deg på skjemaet nederst på sida eller ta kontakt med dagleg leiar Ronny Borgen Hansen om du ønskjer å delta på messa: ronny@knarvikmila.no eller 97757909.

Opningstider : 
Fredag 4. september kl. 16:00 - 20:00
Lørdag 5. september kl. 10:00 - 16:00
Søndag 6. september kl. 09:30 - 16:30

Skjema for påmelding til messe