KnarvikMila – ein viktig verdiberar!

Vi i KnarvikMila er audmjuke og stolte over dei viktige verdiane vi arbeidar etter og som har gjort oss til ein av dei viktigaste verdibærerane for barn, ungdom og vaksne i nærområdet vårt.

Bilde frå Kondis v/ fotograf Arne Dag Myking


Våre viktigaste verdiar er:


Forbetre folkehelsa

KnarvikMila har sidan starten i 1981 vore den viktigaste aktøren for å skape ei betre folkehelse i Nordhordland. Alle løpa våre bidrar til treningsglede gjennom heile året, frå dei aller minste til dei aller eldste, frå eliteutøvarane til dei som berre er litt aktive. Stolpejakten Alver, som KnarvikMila arrangerer, har blitt eit av dei mest populære folkehelsetiltaka i Nordhordland.


Sunt kosthald

KnarvikMila slår eit slag for eit sunt kosthald, med fokus på f.eks. fisk og frukt og grønt.


Samfunnsbyggande haldningar

Vi verdset samarbeidet vi har med Idrett uten alkohol, Antidoping Norge, Frivillighet Norge, Pensjonistforbundet og andre som delar vårt ønske om å bygga gode og sunne haldningar, fellesskap og stoltheit.


Mijøprofil

KnarvikMila var eit av dei aller første arrangementa som satsa på ein klår og tydeleg miljøprofil og full kjeldesortering i samarbeid med NGIR.


Frivilligheit

Vi er heilt avhengige av ca. 500 frivillige for å kunne gjennomføra KnarvikMila. Nokre gjerein innsats ein dag eller to, mens andre har frivillig arbeid i KnarvikMila nærast som ein livsstil gjennom heile året – over mange, mange år! Vi er audmjuke og stolte over all den frivillige innsatsen alle legg ned for oss! Takk!


Samhald og samarbeid

KnarvikMila er stolt over det tette og gode samarbeidet vi har med lokale lag og foreiningar. Utan deira innsats hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre. Det er difor ekstra kjekt å kunne betale lag og foreiningane for dugnadsinnsatsen, slik at pengane frå KnarvikMila også kjem til nytte andre stader og til andre aktivitetar.


Anleggsbygging

Vi er glade for at delar av overskotet frå KnarvikMila opp gjennom åra har blitt investert i anlegg, bla. Brekkeløypa, tribunen på Knarvik Stadion og kastebana til AKS-77. Brekkeløypa har blitt det kanskje viktigaste folkehelsetiltaket i Nordhordland.


Hjelpetiltak

Vi er også glade for at vi har kunne bidra med midlar til andre hjelpeprosjekt, som Etiopiaprosjektet, Children at Risk Foundation (Colibri-stiftelsen) og Kreftforeningen, som har mottatt støtte frå oss.

Tekst: KnarvikMila

Gje oss gjerne ein tilbakemelding kva du tenkjer om verdigrunnlaget vårt eller det er noko du tenkjer vi kan gjere endå betre på epost til ronny@knarvikmila.no.