Stolpejakten Knarvikmila 2. - 6. september.
Under Knarvikmila vert det eigen stolpejakt.
Start onsdag 2. september kl. 1800.
Er du ein av dei mange tusen som er bitt av Stolpejaktbasillen? Då vil du glede deg over at Stolpejakten med 12 ekstra stolpar i området rundt Knarvik stadion er tilbake! Stolpane kjem som eit eige kart på Stolpejakten Alver. Du har frå onsdag kl 1800 til søndag kl 1300 til å gjennomføre. Det er påmelding for å delta på Stolpejakten under KnarvikMila. Stolpane vert tilgjengeleg i kartet onsdag 2. september kl. 1800
Det vert sett opp stolpar i området rundt Knarvik Stadion, stolpar som berre vil vera tilgjengeleg for dei som er påmeldt på Stolpejakt/NaturMila.
Stolpejakten stenger søndag 6. september kl 1300.
Slik blir du med på stolpejakten Knarvikmila.
Ein MÅ vere meldt på Stolpejakten/Naturmila for å delta på stolpejakten.
Last ned appen «Stolpejakten» gratis på App Store eller Google Play til din smarttelefon og ta med telefon på tur. Det kan vera lurt å lasta ned app og ønska kartområde medan ein er tilknytt WIFI (Stolpejakten Knarvikmila). Skann QRkodane på stolpane du finn med appen. Stolpar som vert registrerte med appen vert synkroniserte med heimesida når den er kopla til internett. NB: Dersom du lastar ned appen, treng du ikkje å ta med kartet, då alle sonekarta er tilgjengelege på appen.
OBS!
3 x kr 1000 trekkast
blant deltakarane på NaturMila/Stolpejakten
Trekninga skjer på avslutninga søndag 6. sept. ca. kl. 1300.