HalvMaraton - søndag 2. september

Årets utfordring! Er du med?

 Tilbake til Flatøy på Nordhordlandsbruk - Foto: Kjell Vigestad / Kondis

Tilbake til Flatøy på Nordhordlandsbruk - Foto: Kjell Vigestad / Kondis

KnarvikMila HalvMaraton vert arrangert for 10. gong i 2018. Traseen er bilfri og du kan glede deg til å ha flott natur i augesynet undervegs. Frå start på Knarvik Stadion går løypa mellom anna over Hagelsundbrua, Nordhordlandsbrua og Krossnessundbrua. Distansen har god deltaking både nasjonalt og internasjonalt, og er mellom anna favoritten til Haile Gebrselassie. Aldersgrense 15 år.

Dato: søndag 2. september - Start: 12:00

Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn.

Distansen er klasseinndelt med premie til kvar klassevinnar.

Ungdom/junior: 15–17, 18–19, 20–22 år.
Senior: 23–34 år.
Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.

FJORDVIKING

Knarvikmila halvmarathon inngår i FjordViking. Deltek du på lang løype KnarvikXtrem(31/8) , 10km(1/9), og halvmarathon(2/9) er du Fjordviking og får ein eigen premie.


Løypekart

BEREDSKAP
Røde Kors er tilgjengeleg i løypa og på stadion. I tillegg har vi eigen stevnelege. Ambulerande vaktmannskap i løypene, samt beredskapssenter på stadion

KJØP OG SAL AV STARTNUMMER
Ta kontakt på info@knarvikmila.no

DRIKKESTASJONAR
Det er 5 - 6 drikkestasjon i løypa. 

LØYPEMERKING
Alle løyper er godt merka med piler i veg og med skilt kvar kilometer. Det er godt vakthald i løypa, med politi som dirigerer trafikken på kritiske punkt.

MÅLSONAR
Det vert utdelt deltakarmedaljar etter målgang. Deretter finn ein drikke frå Olden, restitusjonsdrikk frå YT og bananar frå Kiwi.

MILJØ
KnarvikMila tar ansvar for miljøet og vi håpar De vil hjelpe oss med dette. Vi har tilrettelagt miljøstasjonar for avfall. Kjeldesortering og miljøvaktar er tilstades etter målsonene, ved NH hallen og ymse andre stader.


 Nordhordlandsbrua i forgrunn, Krossnessundbrua til venstre og Hagelsundbrua til Høyre. I miten Flatøy.

Nordhordlandsbrua i forgrunn, Krossnessundbrua til venstre og Hagelsundbrua til Høyre. I miten Flatøy.

 Kryssing av Krosnessundbrua med Håøy i bakgrunn

Kryssing av Krosnessundbrua med Håøy i bakgrunn


halvmaraton-l-ypekart-2016.jpg
 Høydeprofil

Høydeprofil

Løypa, steg for steg: Starten går inne på Knarvik Stadion. Når du kjem ut av stadion tek du til høgre og inn på Lonsvegen. Etter ca. 1 km tek du til høgre og inn på E-39 til du har kryssa Hagelsundsbrua. Her tek du inn på ein gangveg. Vidare går løypa over Flatøy og inn på Nordhordlandsbrua. På brua spring du ca. 750 m, snur og følgjer gangvegen tilbake. Løypa går så over Krossnessundbrua og mot Frekhaug Senter på gangveg (564). Du følger så gangvegen forbi Mjåtveit og opp til Sandskaret der ein tek vegen mot Dale (250). I krysset ved ungdomshuset på Dale tek du til høgre mot Sakstad (244). Ein spring så forbi Fossemyra og ned mot Frekhaug Senter. Der følgjer ein vegen til Fosse og kjem tilbake til Krossnessundbrua. Her tek du inn på gangvegen og følgjer denne over Flatøy til Knarvik og inn mot mål på Knarvik Stadion.