Vestlandets største løpar- og mosjonsfest

KnarvikMila AKS-77 er ein frivillig organisasjon som arbeider med Folkehelsetiltak heile året. Vi er mest kjend som eit løp / mosjonsarrangement, men har ei rekkje prosjekt heile året som har som mål å fremja Folkehelsa.

Styret i KnarvikMila har nedfelt følgjande hovudmålsetjingar i organisasjonsplanen:

Skapa aktivitet i regionen –  bidreg til sterkare samhald, stoltheit og underhaldningsverdi

Forbetra folkehelsa –   som har ei individuell verdi og samfunnsøkonomisk verdi

Skapa inntekter til dei frivillige samarbeidsforeningane -  sikre inntekter sørgjer for at laga kan konsentrera seg om å skapa aktivitet

Tilby næringslivet den beste profilering, omtale og møteplass - marknadsføring i eit positivt miljø

Marknadsføra regionen - så vell nasjonalt som internasjonalt. Reiseliv – løpsturisme.

Bergen FjordTur

Dette er ein turmarsj som går frå Fløyen i Bergen til Knarvik i juni månad.

UngdomsMila

UngdomsMila er eit gratisarrangement for ungdom i 8.- 9.- og 10. klasse, samt 1. og 2. klasse på vidaregåande skule. Her arrangerer vi eit løp for 2700 elevar som startar klassevis. I tillegg til løpa skal arrangementet vera berekraftig via kunnskapsfremjande arrangement. Vi held derfor miljøkurs, trafikksikringskurs, privatøkonomikurs og sjømatkurs for ungdommane denne dagen. Kursa har både praktisk og teoretiske delar.

MiniMila/KnøtteMila

Dette er bornaløpa i KnarvikMila. Her deltek kring 1200 born på løp som først og fremst skal skapa ei positiv oppleving for borna. Alle borna får medaljar, t-skjorte og sjokolademelk.

 Knarvik Xtrem

Knarvik Xtrem er eit fjell- / terrengløp som arrangerast i terrenget kring Knarvik Stadion. Populært løp med målgruppe dei som er godt trent.

5km / 10 km / halvmaraton

Tre ulike distansar kor det er mogleg for alle å vera med. 5km distansen vert i 2018 kalla «Løp for å leve 5km», kor inntektene tilfaller Kreftforeningen.

YT-stafetten

Denne stafetten har som mål å samla bedriftar frå heile Hordaland, samt vennelag. Stafetten er ein sosial fysisk «happening» og har fem etappar på ca 1000 meter. Vi legg til rette for sosial samling etter løpet.

NaturMila

Dett eer ein turmarsj som går i 5 ulike løyper kring Knarvik stadion. Det e rin flott aktivitet for heile familien, men pølsegrilling, friluftsgudsteneste, aktivitetar og spørjekonkurranse i løypa. Yngste deltakar sit i beremeis og eldste er over 90 år gamal.

KnarvikMessa

KnarvikMessa er møteplassen mellom næringslivet og deltakarane. Her er det utdeling av startnummer, bilutstilling og andre utstillarar. I høve messa vert det arrangert gratis frukost for alle deltakarane på søndagen.

Tine stafetten

KnarvikMila arrangerer Tine stafetten med nesten 2000 deltakarar.

Seminar

KnarvikMila arrangerer ulike seminar med Folkehelsetema gjennom heile året.

Etiopiaprosjektet

I samarbeid med Knarvik Ungdomsskule og Grieg Foundation, samlar KnarvikMila inn pengar til eit hjelpeprosjekt i Etiopia. Representant frå KnarvikMila reiser saman med 2 elevar og ein lærar til Etiopia for å overlevere pengar, samt kvalitetssikre bruken av midlar frå året før. Elevane presenterer reisa og hjelpeprosjektet for alle elevane på skulen når dei kjem heim igjen.

 

Sandra Valvik