Knarvik Maraton

Maraton og halvmaraton - lørdag 20. juni

Video frå Knarvikmila 2025. Video og foto av Spurkeland Foto v/ Trond Spurkeland.

Klassepremie til alle klassevinnarar

Start og mål inne på Knarvik Stadion

Knarvik Maraton vert arrangert lørdag 20. juni 2026, det vert arrangert Maraton og Halvmaraton.

Påmelding til maraton og halvmaraton er mogleg heilt frem til start!

Dato: Lørdag 20. juni 2026

Start Maraton : Kl. 1000

Start Halvmaraton : Kl. 1200

Start/mål : Knarvik Stadion.

Utdeling av startnr. i NBK-bygget rett ved start på Knarvik Stadion frå kl 0900 på løpsdagen.

Løypa for maraton/halvmaraton vil gå i ei rundløype på 5274m. På maraton skal ein gjennom denne løypa 8 gonger og på halvmaraton 4 gonger.

Premiering

Pengepremie til dei 3 beste kvinner og menn på Knarvik Maraton (maraton og halvmaraton).

Sjå tabell for storleik på pengepremiane.

Aldersgrense

  • Halvmaraton: frå 15 år

  • Maraton: frå 18 år

Premie til klassevinnarar i kvar aldersklasse (jr., senior og veteran)

Premieseremoni

Premieutdeling for dei 3 beste løperne i dame- og herreklasse fra scenen. så snart dei tre beste menn og dei tre beste kvinner er kommet i mål, ca. kl. 1300-1330.

Trekningspremiar

Alle deltakarar i både maraton og halvmaraton er med i trekninga av flotte premiar. Trekningspremiane finn du i eiget telt i målromådet på Knarvik stadion.

Drikkestasjoner

Det blir 3 drikkestasjoner på kvar runde. Totalt 24 muligheiter for å få drikke på maraton. På drikkestasjon vil det vere vann, bananer, cola mm. I tillegg er det muligheit for individuell drikkestajon inne på Knarvik Stadion som ein passerar 7 gonger.

Verdioppbevaring

Det er bemanna verdioppbevaring i start- og målområdet.

løypekart Maraton/halvmarathon

Trase på 5274m som skal springast 8 gonger på Maraton og 4 gonger på halvmaraton.

Løypa er bilfri og godt merka, med mange løypevakter og Røde Kors til stades.

NB! Av tryggleiksomsyn er det ikkje tillate å bruke musikk på øyret under løpet. Dette for å sikre god kommunikasjon mellom løparar, funksjonærar og tryggleiksressursar.

Løypekart over rundløypa på 5272m.

 

løypekart 5km