Gullstolpen

Jakt på Gullstolpen på Knarvikmila.

gullstolpen_over.jpg

6. april 2019 vart Stolpejakten lansert i nye Alver kommune. Arrangørane bak tiltaket er kommunane Meland, Radøy og Lindås, Knarvik senter og KnarvikMila. Stolpejakten i Alver arrangerast i perioden 6.april til 1. november. Det er plassert ut totalt 51 stolpar med ulike vanskeleggrader. Dette flotte folkehelsetiltaket har som mål å få folk ut i naturen og oppleva nye flotte turopplevingar. Så langt har oppslutnaden vore langt over forventningane. Heile 5.016 personar er registrerte jegerar på stolpejakten.no. I tillegg kjem alle dei som ikkje nyttar den digitale applikasjonen stolpejakten. Jegerane har vitja totalt 60.926 stolpar! Under KnarvikMila sin siste arrangementsdag vært det trekt ut vinnarar frå årets stolpejakt. Ein besøkt stolpe er eit lodd i trekninga. Knarvik senter bidreg med flotte tursekkar med innhald som vert trekt frå scena under avslutningsseremonien på KnarvikMila.

I tillegg til dette vil arrangøren oppretta ein ny stolpejakt under KnarvikMila: «STOLPEJAKTEN KNARVIKMILA». Denne jakta gjeld berre EIN stolpe – GULLSTOLPEN, og er utplassert under KnarvikMila helga. Vi trekk ut ein vinnar blant stolpejegerane som vinn ein gåvesjekk på kr. 10.000,-! For å vera med i denne trekninga det 3 føresetnader:

  • Du må vera registrert stolpejeger i «Stolpejakten Alver».

  • Du må registrere GULLSTOLPEN i «Stolpejakten KnarvikMila» som er plassert i Brekkeløypa. Stolpen er tilgjengeleg fredag 30.8, lørdag 31.8 og søndag 1.9.

  • I tillegg må du vera påmeldt på ein av KnarvikMila arrangementa denne helga (Knarvik Xtrem, 5km, 10 km, NaturMila, MiniMila/KnøtteMila eller halvmaraton


Knarvikmila Admin