Stolpejakten 2020

Velkomen til Stolpejakten i Alver!

Me ynskjer deg velkomen til ny stolpejakt-sesong! Stolpejakten i Alver vert arrangert av Knarvikmila, Knarvik senter og Alver kommune. Stolpejakten er eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å koma seg ut på tur, og du kan jakta på stolpar i mange av dei vakre turområda i Alver kommune. Fleire av stolpane er òg tilgjengelege for rullestolbrukarar og med barnevogn.

I 2019 var det ca. 5700 som deltok og som var på nesten 80.000 stolpebesøk. Det var ca 350 som besøkte alle dei 51 stolpane. Stolpejakten går føre seg både i bustadområde og i etablerte tur-område, og me ber om at alle deltakarar viser omsyn på veg til stolpane og ved parkering. Bruk bossdunkar, og hugs bandtvang. Når du går på innmark, er det viktig å følgja stien.

Stolpejakt-sesongen i Alver startar 4. april, og vert avslutta 1. november. Kvar registrerte stolpe gjev deg eitt lodd i trekninga av flotte premiar. Premiar vert trekt ut kvar månad. I tillegg vert det del-premiering under KnarvikMila, søndag 6. september og etter at Stolpejakten er avslutta 1. november.

Kartbrosjyren med stolpebeskrivelse finn du her. (nedlasting)

Kartbrosjyren som digitalt dokument.

Besøk oss gjerne Facebook: Stolpejakten Alver - Instagram: @stolpejaktenalver. Tagg bileta med #stolpejaktenalver.

Generell informasjon om Stolpejakten finn du på www.stolpejakten.no.

NB! Det vert ikkje registreringar på papir i 2020. Registrering enten via app eller direkte på stolpejakten.no.

Det er laga ein app , stolpejakten, som du finn på app store eller google play for registrering. Her finn du også kart og beskrivelse av alle stolper med bilde av stolpane.

bilde_i.jpg
 
Knarvikmila Admin