KnarvikMilas Toppidrettsstipend 2027
Drøymer du om å nå toppen?
Kanskje er du allereie blant dei beste i landet. Kanskje trenar du målretta mot EM, VM eller OL. Kanskje er du den neste store idrettsprofilen frå Alver.
KnarvikMilas Toppidrettsstipend skal gi unge talent det vesle ekstra løftet på vegen mot dei store måla.
Gjennom stipendordninga ønskjer KnarvikMila å bidra til at fleire unge utøvarar frå Alver får moglegheita til å utvikle seg vidare på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Samtidig ønsker vi å løfte fram utøvarar som inspirerer andre, bygger gode idrettsmiljø og er stolte ambassadørar for lokalsamfunnet vårt.
I 2026 vart dei aller første stipenda tildelt Andrea Nygård Vie og Helene Reigstad>, to utøvarar som gjennom sterke prestasjonar, hardt arbeid og langsiktige ambisjonar viste kva som er mogleg å oppnå med målretta satsing. Dei representerer akkurat den kombinasjonen av talent, dedikasjon og førebilete stipendet er skapt for å støtte.
Kven kan søkje?
Du kan søkje dersom du:
er mellom 15 og 23 år
har tilknyting til Alver kommune gjennom bustad, oppvekst eller idrettslag
konkurrerer på høgt nasjonalt nivå i din idrett og aldersklasse
har ambisjonar om vidare utvikling mot nasjonalt og internasjonalt toppnivå
er eit godt førebilete og bidreg positivt til idrettsmiljøet rundt deg.
Dette ser vi etter
Vi vurderer ikkje berre resultatlister og medaljar. Vi ser etter heile utøvaren.
Stipendkomiteen legg vekt på sportslege prestasjonar, utviklingspotensial, treningsinnsats, dedikasjon, økonomisk behov og korleis du bidreg til å inspirere andre. Vi ønskjer å støtte unge menneske som representerer både idretten, klubben sin og Alver på ein positiv måte.
Kva kan stipendet nyttast til?
Toppidrettssatsing krev ressursar. Stipendet kan mellom anna brukast til treningsleirar, konkurransereiser, utstyr, medisinsk oppfølging, trenerutgifter og andre tiltak som styrkar utviklinga di som utøvar.
Idrettsglede som gir tilbake
KnarvikMilas Toppidrettsstipend blir finansiert av overskotet frå KnarvikMila. Når tusenvis av deltakarar, frivillige og samarbeidspartnarar samlast til folkefest kvart år, bidreg dei samtidig til å skape nye moglegheiter for unge idrettstalentar i regionen.
Vil du bli neste stipendmottakar?
Har du talentet, viljen og ambisjonane? Då håpar vi du sender inn søknad.
Vi gler oss til å bli kjend med dei neste unge toppidrettsutøvarane som skal representere Alver på den nasjonale og internasjonale idrettsscena.
Søknadsfrist: søndag 15. november 2026.
Det kan delast ut inntil tre stipend med ein samla verdi på inntil 60 000 kroner.