KnarvikMilas Idrettsstipend 2026
Er du mellom 15 og 23 år og vil satse på idretten? Eller kjenner du nokon unge som gjer det? Søk KnarvikMilas Idrettsstipend!
Me leitar etter unge utøvarar i alderen 15 til 23 år som bur i eller har tilknyting til Alver kommune og som alt er på eit høgt nasjonalt nivå – og aller helst internasjonalt.
Dette er eit utviklingsstipend som skal hjelpa deg økonomisk i den vidare satsinga di på veg mot toppen! Me ser etter utøvarar med stort potensial som er dedikerte i treningsarbeidet, og som aktivt bidreg til å utvikla idretten i lokalmiljøet.
Bruk pengane på det du treng for å bli enda betre: reiser, konkurransar, personleg utvikling eller trenarutgifter.
Me legg vekt på potensial, treningsinnsats og ditt bidrag som godt førebilete og ambassadør for unge i Alver.
Stipendet vert finansiert av overskotet frå KnarvikMila og kan gje deg inntil 50 000,- i støtte! Legg inn søknad med målsetningar, treningsplan, budsjett osv. i dag!
Søknadsfrist: 16. november.
For meir informasjon og kriteriene, sjå under:
For å søke om idrettsstipen, klikk på knappen under:
Ved evt. spørsmål, kontakt dagleg leiar Ronny Borgen Hansen på ronny@knarvikmila.no eller mobil 97757909.