Bli med på adventsstolpejakta!

Velkomen til den aller første adventsstolpejakta i Alver!

I år lanserer KnarvikMila ein heilt ny julekalender – ute i naturen!

Frå 1. desember og fram til julaftan dukkar det opp ein ny nissestolpe kvar dag i Knarvik-området. Nokre stolper er enkle å finne, andre krev ein liten fjelltur – men alle gir deg ei god oppleving og sjansen til å vinne fine premiar.

Konseptet er enkelt:

  • Gå tur og finn dagens nissestolpe

  • Skann den med Stolpejakten-appen

  • Bli med i trekninga av premie – kvar dag!

Kvar dag trekkjer me ein vinnar blant dei som har skanna dagens stolpe. Du kan vinne flott premiar som gåvekort frå Sparebanken Norge, Kiwi, AMFI Knarvik, Reigstad Nygg og Eigedom, Byggtorget Kaland Trelast og Stendal VVS, baggar/sekkar frå Mizuno, kinobillettar frå NGIR, avisabonnement frå Strilen og Powerbank frå Helland Elektro. Vinnarane blir annonsert på sosiale medier!

Stolpane står ute til over nyttår – så du kan ta turen når det passar best.

Dette er ei fin anledning til å få litt frisk luft i førjulstida, oppdage nye turmål og kanskje vinne noko kjekt på kjøpet.

Første stolpe kjem 1. desember – last ned Stolpejakten-appen og bli med!

Knarvikmila Admin