Felles trening

 

KnarvikMila har i mange år arrangert faste fellestreningar gjennom heile året. No lanserer vi treningskonseptet «ALLvEr skal med!». Vi tilbyr gratis løpstrening kvar måndag og torsdag kl. 19.00 frå og med 29. oktober fram til KnarvikMila 2019. Treninga vert halden i Brekkeløypa og oppmøte er ved sekretariatsbygningen på Knarvik stadion(ved inngang til løpsbana) . Vi har fleire trenarar som tek seg av grupper på ulike nivå. Utover våren og sommaren vil det bli fellestreningar med test av KnarvikMila løypene.

Det er GRATIS å delta på desse fellestreningane.

5km.jpg