Trekningspremier

BLI MED PÅ KNARVIKMILA!

Du kan vinna flotte premiar, trekt på startnr.!

Er det ein ting KnarvikMila er kjent for, så er det store og flotte premiar. Det er pengepremiar til dei beste løparane og ikkje minst at alle som deltek på ein av våre mange distansar med i trekninga om mange flotte premiar. Her finn du pengepremiar, gåvekort, sportsutstyr og kanskje det viktigaste; du kan vinne ein splitter ny Toyota frå Eknes Karosseri til din disposisjon i eit heilt år!

I 2023 var det ein Toyota BZ4X som var første premier. Kva det blir i 2024 kjem vi tilbake til.